歌词
@migu music@
Ein båt heilt uten segl og bør,
eit ope hav, ein gitar.
Ein song og ein fugl du såg eingong før
ellers ingenting som det var.
Eit land i sikte, men langt i nord.
Dit kjem nok ikkje du.
For havet er stille og båten er stor,
finns ikkje ror, vil du snu.
Og sola går ned i havet.
Og natta stig opp av kavet.
Og havet er fullt av stjerner no,
Magellanske skyers glans.
Og båten er borte, men straumen er god
i seglarens himmelkrans.
Ja, båten er borte, og rommet er vidt.
Eit svimlande brus gjennom alt.
Libra og Hercules er du alt kvitt,
ei segn, eingong fortalt.
Og sola går ned i havet.
Og natta stig opp av kavet.
Og du glid inn i dit vesen, inn i ditt vesens grunn.
Eit ope alt, ein gitar.
For du er songen i fuglens munn,
du er ein tone som ein gong var.
展开